torsdag, oktober 18, 2012

Om kjøkkentjenester og det dei kan føre med seg


Då eg fortalte om listeboka eg fekk av Heidi tidlegare i år, nevnte eg at eg hadde skrive kun ein ting i den, og det var om mi første alkoholoppleving. Tenkte eg skulle utdjupe den litt for dykk her. Heldigvis la eg korta på bordet og fortalte dette til mamma for litt sidan. Ho tok det etter forholda greit, men har definitivt vore stoltare av meg ved andre høve både før og etter. Om dette pirker litt i såret, mamma, håper eg du kan tilgje meg. Igjen.

Min medsamansvorne i denne historia har ikkje samtykka til at eg skal publisere den, og eg trur heller ikkje ho har fortalt det til si mor. Godt mulig det aldri kjem til å skje heller, så eg velger å anonymisere henne av omsyn til hennar gode navn og rykte(?). Eg kaller henne Vigdis.

Det var det året vi skulle konfirmerast, og vi var tensingjenter. I denne samanhengen var vi ganske ofte på konfirmasjonsleirar der vi dreiv med konfirmasjons- og tensinggreier, sang og hadde andakt og sånt. Tida imellom var i hovudsak fylt med flørting og det gjekk mykje tid og energi på å finne ulike måtar å få seg frå jentefløyen til guttefløyen utan at "dei vaksne" fekk det med seg.

På ein av desse leirane hadde Vigdis og eg kjøkkenteneste, noko som innebar at vi hadde ansvar for å rydde av bordet etter at vi hadde spist. Etter kveldsmaten fredag kveld, då vi sette maten i matboden gjorde underteikna ein interessant observasjon på øverste hylle. Det var ei trepakning med vin i små flasker. Eg har aldri sett denne typen trepakning verken før eller seinare. Flaskene var samansett av papp i toppen, som halvparten av ein sekspakning med øl, og vart sjølvsagt granska nøye. Vi vurderte lenge for og imot, men bestemte oss til slutt for å ta ei av flaskene. Det skal nevnast at vinen inneholdt mindre alkohol enn vanlig vin, type 4,5%. Vi konkluderte med at det sikkert var altervin, og da var det jo nesten greitt.

Vi rydda oss ferdige, pliktoppfyllande som vi var, og sprang fnisande og lett skjelvande på do. Flaska vart søsterlig delt, vi venta og såg på kvarandre. - Kjenner du nåke? Er vi fulle? Nei. Egentlig ikkje. Vi lot det gå, gøymde flaska under senga og gjekk til andakt.

Dagen etterpå leid vi av dårlig samvit og angst for å bli oppdaga. Sjansen for at nokon skulle merke at ei flaske i ein trepakning mangla var vel strengt tatt høgare enn om alle mangla? Jo. Vi var enige om dèt. Så vi tok dei to siste også. Og her begynner det å bli litt spesielt. Ettersom vi ikkje hadde fått særlig effekt av vinen dagen før, måtte vi finne ein måte å forsterke det på. Vi ville jo gjere det ordentlig, må vite. Og vi hadde hørt at det ikkje var så lurt å blande piller og alkohol. Derfor bestemte vi oss for å gjere nettopp dèt. Så vi laug på oss menssmerter og gjekk frå dør til dør i jentefløyen og spurte etter Paracet. Fangsten var heller dårlig. Ein tablett og ein brusetablett. Vi blanda brusetabletten i vatn, delte den andre i to, helte i oss brusemiksen i ein lang sup kvar, etterfulgt av å hive i oss kvar sin halve tablett og skylle den ned med kvar si flaske vin (miniflaske, altså, mamma!). Så stod vi på hovudet. Her-lig-het.

Det funka ganske umiddelbart idèt vi bevega oss mot hovudhuset der det var kveldsstund med stille sang og stearinlys. Vi lista oss inn. Dei andre var samla i ein sirkel, liggande på golvet. Eg gjekk bort til pianoet og sette meg på tangentane. Geir, som alle var forelska i (eg gidd ikkje å anonymisere han), var to år eldre og kunne lukte fulle smårips på mils avstand. Han hoppa ut av sirkelen, gjekk veldig fort mot meg, hekta meg i eine armen, Vigdis i den andre (vi holdt på å dåååne) og leidde oss ut. Han lurte på kva i helvete vi holdt på med. Vi holdt på å le oss i hel. - Herregud, vi må få dåke vekk herfrå, sa Geir og tok oss med for å gøyme oss i eit lite bønehus eit stykke borte i skogen ved eit lite vatn. - Ja! Vi badar! hylte eg. Det var midt på vinteren og eit tynt lag is på vatnet. Geir formante at vi på ingen måte skulle bade. Neivel.

Bønehuset hadde ingen møblar, berre eit lite alter med ein oppslått bibel. Oppslått på Høgsongen. Vi heldt oss i bønerommet til rusen gjekk over, medan vi las høgt frå Høgsongen og fryda oss over alle dei seksuelle referansane den har - og det er mange når ein legg godviljen til.

Etterpå var vi skamfulle og nervøse. No hadde vi tre flasker under senga. Vi venta til alle hadde lagt seg før vi gjekk ut. Geir var med, såklart. Ei og ei kasta vi flaskene så langt vi klarte ut i vatnet. Plaska kjendes utstyrteleg høge og vi skvatt kvar gong ei flaske traff vannflata, som om det skulle vekke dei vaksne tjue meter unna. Men alle sov og alt gjekk bra.

Vi hadde ikkje hovudpine dagen etter, for vi var nok ikkje  fulle, egentlig.


takk for lånet wehaeartit.com! 

torsdag, september 27, 2012

Ooooktober!


Oktober er rett rundt hjørnet, det er ein evighet sidan forrige innlegg, og eg har fått ein veldig søt kommentar frå Linn som ønsker blogging kvar dag. Akkurat dèt kan eg nok ikkje få til, men eitt skal du få, kjære. Nett no. Ei liste. Over mine favorittkunder dei siste vekene. Så lover eg faktisk å vere flinkare framover, om ikkje anna berre for å tilfredstille heimflytta Gjersetdalingar.
Eg klarer forresten ikkje rangere dei etter grad av glede dei gav meg, ettersom det er vanskelig å måle fullstendig. Men i tilfeldig rekkefølge, mange gløymt, få nevnt. Heilt motsatt av korleis det gjerast på Oscarutdelinga.

1. Mi høgt elska Else, som berre går under navnet Browniedamen. Som eg savner når det er lenge sidan eg har sett, og som eg kan våkne opp og tenke på, som deretter nesten alltid kjem smilande ned trappa timar seinare. Vi har ein gylden tråd mellom oss, tydeligvis, sjølv om ho er minst tjue år eldre enn meg. Ja, ho var innom i dag, og ja, ho hadde med seg brownies. Ho er ikkje berre flott, kul og utrulig godhjerta, men baker som ei gudinne.

2. Ei dame frå Solund som kom innom og stoppa nedanfor rulletrappa og sa: ÅH, HERLIGHET! her har det blitt fint! det såg jo heilt vilt ut her i gamle dager! er dette din fortjeneste? Alt det sa ho nesten uten å puste innimellom alt, med ekte entusiasme og alt. Eg blei så glad.

3. Gutten som er yngre enn meg som er innom av og til, som tydeligvis har store problem med å forholde seg til andre menneske. Som ser ubekvem, sjenert og redd ut. Som omtrent kviskrar alt han seier, og som ikkje klarer å ha augekontakt meir enn et halvt sekund per minutt.
Og eg blir så stolt av han, for han kjem likevel. For å kjøpe sengetøy og laken, og han greier det heilt fint.

4. Ein høg, mørk og kjekk ein som var innom i går, som eg ville ta med meg inn på lageret. Men altså, eg prøver jo å vere litt profesjonell.

5. Ho som glømte brillene sine for ei veke sidan, som alltid er så blid på ein Smørbukkaktig måte. Som kom innom igjen i dag og blei "helt sjokket over at eg husket det" når eg spurte om ho ville ha tilbake brillene sine.

Folk er fine. Bortsett fra ho som alltid er full og trur ingen merker det, som syns det bare skulle mangle at eg skal tørke opp spyet til den lille dritthunden hennes. Ho er ikkje heilt optimal.

Lånte bildet her.









onsdag, august 22, 2012

Mot nord!


I morgon drar Sara og eg til Tromsø for å feire trettiårsdagen til Kristine. Eg gleder meg som ein unge, har magen full av sommarfuglar og har til og med pakka allerede. Pakka smart, til og med.

Siden alle kjolane mine kjennes oppbrukte, var eg på leit etter ein ny i går. På tom mage. Det gjekk ikkje opp for meg at det var ein dårlig plan før eg stod foran speilet på H&M og grein fordi eg ikkje skjønte kor armane skulle inn og ut av eit altfor avansert kjolehelvete som berre var lagd for å gjere livet mitt vanskelig.

Prøvde igjen i dag, ikkje altfor lenge etter lunch. Og fann ein snadderfin som ikkje eingong er svart!

Ettersom eg er omtrent 25% nordlending, kjenner eg suget i magen etter å dra til nord kvar sommar, men eg har ikkje vore der sidan før bestemor flytta til Larvik for fjorten år sidan.
Då sykla eg langt og fort i midnattsola på bestemor sin gamle, grønne sykkel, blei overfalt av måker og kjente at livet var stas.

Det blir nok mindre sykling i helga, men desto meire stas! Om Kristine spanderer nordlys blir eg fra meg av lykke. Men det er kanskje ikkje nordlyssesong? Det må eg finne ut av.

(Mulig eg må trekke tilbake det med smart pakking, forresten. Men altså, fem par sko til tre dager kan plutselig bli nødvendig.)

tirsdag, august 07, 2012

Reality bites

Men eg må berre le når mannen som ikkje lenger er kjæresten min sender ein mail med tittelen: "Ha ein fin dag" med dette bildet:

søndag, august 05, 2012

Emosøndag


I dag kan eg skrive og skrive, og det kjennes som om noko endeleg har løsna. Eg trur det begynte i går, og vart utløyst av noko så banalt, samtidig så stort som ein medaljeseremoni under OL. Hjartet mitt tåler det ikkje. Så eg grein, grein og grein. Mykje kjensler.
Eg grin litt i dag også. For ting som går over, ting som aldri tar slutt. For slikt som aldri blei noko av. Menneske som slutta å leve. Som aldri begynte. Og så gret eg litt over folk som ikkje klarer å sjå kor bra dei er, og som ikkje skjønner at dei må vere gode mot seg sjølve.
I mens høyrer eg på min nyoppdaga favoritt, Andrew Bird. Og han gjer det faktisk ikkje lettare å slutte å gråte. Men det gjer ingenting. For mange månader uten gråt er ikkje bra for nokon, og eg velger å sjå på det som ein slags detox.

Sånn. Ferdig.

Bilde herfra.

mandag, juli 30, 2012

Folk, altså

Han syntes folk generelt burde "danse friare". Så han tilbragte mesteparten av tida liggande på dansegolvet, der han bukta seg som ein slange.
    Ho stod på sida og rødma, visste ikkje kva ho var mest - sjenert eller sjokkert.
    Så ho måtte finne ein avledningsmanøver, før ho begynte å grine av heile greia. Han var jo så rar.
    - Bli med meg heim (Det var det enklaste ho kom på). - Eg kan ikkje, sa han. Eg kjem til å knytte meg til deg - hardt. Eg kjenner det på meg. Dessutan må eg opp klokka sju i morgon. Yoga og meditasjon i parken.
    - Javel, sa ho, og trakk på skuldrane.
     To månader seinare ringte det på døra klokka to om natta. - Eg har ombestemt meg.
Ho var skeptisk. Slapp han inn likevel. Han måtte vise henne noko. Viktig. Så han lasta ned ein song. Som ho måtte  høyre. Det var ein teknosong. Den varte i over tjue minutt, og ho måtte høyre heile. For å forstå, liksom. Ho greide ikkje heilt å trekke ut det som var å forstå.
    Då songen var over, såg ho på han: Du har kanskje noko meditering som må gjerast i morgon? Tidlig-tidlig, meiner eg?
    - Jo, eg kom vel eigentleg på det no, sa han.
    Så var dei einige.

Eg trur sannelig eg må begynne å skrive om folk sine menn igjen. Jammen lo eg godt når eg leita opp blant anna dette. Kven let seg intervjue? Eg har tid til helga!

Ånei! Ferier varer visst aldri evig

Eg burde vere klok og forstå at ein må ha kvardagar for å kjenne at det er deilig med ferie. Men akkurat no vil eg berre ha meir. Tre og ei halv veke har gått uanstendig fort og vert drøyt hektisk, men akk, så fabelaktig eg har hatt det!

No skal eg vaske klær som har vore i Georgiopoulis, på Tysnes, i Gøteborg, i Førde, på Grytastranda og pittelitt i Bergen innimellom. Medan eg gjer dèt, skal eg hente fram kvart einaste øyeblikk og kjenne på kor heldig eg er som har så mange fantastiske folk i livet mitt. 

tirsdag, juni 12, 2012

Bråkeby.

Byen min bråker så fælt i dag. Eg liker ikkje menn som roper i bakgården klokka sju om morgenen. Heller ikkje ryggealarmer som hyler en time i strekk utanfor vinduet når det er kveld. Femti kroner til den som kan fikse det. Eg er så lei av denne dagen at eg kan ikkje få sagt det. Vil også nevne at den høgre sida av kroppen min herved går under definisjonen boss og gies vekk til den som gidder komme og hente den. Eg kan by på fødselsmerke, skeiv tann, en liten, dog ytterst irriterande valk på låret, og siste tilskudd på stammen er en uregelmessighet på en blodåre i hjernen. ALT på høgre side. Og eg er ikkje interessert i å beholde nokon av desse tinga.

Mens eg venter på at dagen skal gå over hører eg på Thåström veldig, veldig stille og gleder meg til Bergenfest.